Rapport frå langrenn på Nordfjordeid forrige helg

Av Øyvind

Forrige helg var det langrenn på Tua på Nordfjordeid. Oddvin har her skrive ein rapport frå kva som skjedde:
"Vi har i helga fått kretsmester i 5 km. friteknikk på Tua på Nordfjordeid. Marianne Roset vann m. 24 s. i ei knallhard løype føre sin hardaste konkurrent Ida Seim frå Fjellhug/Vereide. FLOTT!!!

Rune Myklebust måtte gi tapt med 16 s. for sin hardaste konkurrent Kenneth Aaland etter å ha leda på mellomtidene inn til ca. 3,5 km.
Det er flott å sjå kva driv desse to karane har i sporet. Gratulere med sølv.

Dag Bergset Ulvedal leverte ein sporty innsats og deltok på sitt fyrste langrenn utanfor laget for sesongen. Han har heilt klart gode takter og kondisjon som etter kvart vil gi resultat.

I tillegg deltok Runar Bakken, Hans Magnus Støyva og Geir Olav Roset utanom KM. Alle 3 karane leverte flotte innsats, og det er kjekt å sjå både iveren og framgangen i sporet. Dei 3 fyrstnemnde gjekk også staffett på søndag der dei hevda seg omtrent midt på resultatlista.

Sjå elles skikretsen sine sider for full resultatoversikt".


Oddvin Myklebust

Link til resultata finn du her
(Sist oppdatert 02.mars 2004, 17:30)

Gå til nyhendearkiv