Junior VM offisielt opna!

Av Øyvind

No er Junior VM 2004 i gang. Den offisielle opninga fann stad måndag kveld utanfor Strynehallen.

Norge JVM-opning © Sonja M. Bratland


Omlag 3.000 menneske møtte opp for å få med seg denne hendinga, som markerte starten på ei veke i skisportens teikn her i Stryn.


Flaggborg JVM-opning © Sonja M. Bratland


Eit stort fakkeltog førte dei deltakande nasjonane inn på området utanfor Strynehallen. Her vart dei møtte med helsingar frå kulturminister Valgerd Svarstad Haugland, skipresident Sverre Seeberg, biskop Ole D. Hagesæther, ordførar Nils P. Støyva, og leiar av organisasjonskommitéen Oddvin Vonheim.


Valgerd JVM-opning © Sonja M. Bratland


Sjølve opninga var det Marjo Matikainen-Kallström frå FIS som stod for.


Nils Støyva JVM-opning © Sonja M. Bratland


I tillegg til dette var der kulturelle innslag av gruppa Flørt, ei dansegruppe frå Gloppen og lokale skodespelarar, blant andre Roy Aron Myklebust i rolla som skiguden Ull.


Skodespel JVM-opning © Sonja M. Bratland


(Alle foto: Sonja M. Bratland)
(Sist oppdatert 04.februar 2004, 09:00)

Gå til nyhendearkiv