Pauserenn for unge hopparar under JR-VM

Av Øyvind

Leiaren i IL Veten kan informere om at det blir eit hopprenn for unge hopparar frå distriktet i pausen etter jentehopprennet.
"Vi skal under JR VM laurdag 7. februar arrangere "pauserenn" for unge hopparar, alder 0-15 år i Bjørkelibakkane.. Ca kl. 15.30, etter jentehopprennet,blir det renn i bakkane K-5, K-10, K-15 og K-25.

Det blir kun i dei minste bakkane, då det ikkje er mogleg å få bruke dei andre bakkane. Det blir ikkje nokon konkurranse men det blir lengdemåling. Deltakarane får utdelt ein diplom med JR-VM Stryn 2004 logoen på, som eit minne.

Vi håpar med dette å engasjere dei yngste hopparane og få litt meir oppmerksomhet på dei lokale hopparane. Og at det blir meir interesant å møte opp som publikum under JR VM".

Kirsti Aarøen
Leiar, IL Veten
(Sist oppdatert 19.januar 2004, 23:00)

Gå til nyhendearkiv