Skulpturen for junior-VM er avduka

Av Øyvind

Tysdag 06.01.04 vart skulpturen for junior-VM avduka på Per Bolstad plass i Stryn sentrum.
Det var Per Knut Aaland som stod for den høgtidlege avdukinga av skulpturen som Jostein Bøe har laga.

Fylkesordførar Nils R. Sandal, ordførar i Stryn Nils Støyva og ordførar i Hornindal Bjørn Lødemel deltok også under seremonien.

Det er idrettslaga Hardbagg, Markane og Veten som står som arrangørklubbar. Under kan du sjå eit bilete av dei tre idrettslagsleiarane.


Idrettslagsleiarane_avduking © Randi A. Lunde

Frå venstre: Per Øen (Markane), Kirsti Aarøen (Veten) og Rolv Tvinnereim (Hardbagg) (Foto: Randi A. Lunde)
(Sist oppdatert 07.januar 2004, 19:39)

Gå til nyhendearkiv