Holmøyskarrennet 2003

Av Sekretæriat

Renn nummer 37. skipa i 1967.

Logo Holmøyskarrennet
På grunn av lite snø i den vanlege løypetraséen, blei rennet i år arrangert med start og mål ved Vangen Aktivitetssenter.

Løypa var ca 27 km lang, og gjekk i kupert fjellterreng. Løypa gjekk ei runde opp i Holmøyskaret der det var spurtpremiar i konkurranseklassen. Rennvinnarane vann også desse.

Véret var lettskya, og det var fine forhold.
Totalt var det 489 deltakarar i tur- og konkurranseklassane.


H-skar-r 2003 1 © Thorolf


Løypekart 2003

Veteranen Per Knut Aaland, Hornindal IL, vann også årets renn på tida 1:25.50, 2. napp i vandrepokal. Dette er Per Knut sin 28. seier! Nr. 2 vart Andre Haugsbø, Gaular IL, nr. 3 Knut Anders Hatlen, Stranda IL.

Beste kvinne i årets renn var Elisabeth Hatlen, Stranda IL på tida 1:42.33, 2. napp i vandrepokal. Nr. 2 vart Bodil Ryste, Strindheim og nr. 3 Agnete Skrede, Markane IL.

Beste 3-manns lag damer: Markane IL, Agnete Skrede, Kristin Hatledal og Else Marit Hatledal og det var 2. napp i pokalen.

Beste 3-manns lag: Hornindal IL, Per Knut Aaland, Reinar Aaland og Paul Tronstad og det var 2. napp i pokalen.

Beste 5-manns lag: Hornindal IL, Per Knut Aaland, Reinar Aaland, Paul Tronstad, Jan Kristensen og Knut O Lødøen, det var 1. napp i pokalen.

Fullstendig resultatliste her.


H-skar-r 2003 2 © Thorolf



H-skar-r 2003 3 © Thorolf


H-skar-r 2003 4 © Thorolf
André Haugsbø og Per Knut Aaland
(Sist oppdatert 16.april 2003, 17:24)

Gå til nyhendearkiv