Ungdom og Idrett

Temakveld/Foredrag

Av Oddvin Myklebust

Tysdag 4/2-03 kl. 19.15 inviterte IL Veten og Hardbagg IL til temakveld om ungdom og idrett på Vangen Aktivitetssenter.

Som foredragshaldar og leiar av temakvelden har vi fått Jo Inge Gåsvær frå Idrettssenteret i Sogndal. Han er til dagleg ansvarleg for testavdelinga ved senteret og er mykje nytta til liknande kurs og seminar gjennom Idrettsskretsen.
Målgruppa for temakvelden er aktive idrettsutøvarar i alle typar særidrettar; handball, fotball, langrenn, skiskyting, hopp, alpint m.m i aldersgruppa 13 år (f. 1990) og oppover med deira foreldre (”støtteapparat”).
Temakvelden er ”obligatorisk” for alle trenarar og leiarar i laga!

Tema :
- Allsidigheit, spesialisering eller begge deler?
- Treningsmengde: fellestrening, eigentrening, kvile (restutisjon).
- Basistrening: Hurtigheit, styrke, spenst, koordinasjon, trening av stabliserande musklatur – trening for å ”tole” å trene.
- Kosthald.
- Haldningar til laget, idretten og miljøet.
- Idrettsmiljø – betydning for resultat og idrettsglede.
- Foreldra si rolle og påvirkning.
- Rusmiddel – innverknad på kropp og prestasjonar.
- Kroppsleg utvikling, vekst – forskjel gutar jenter.
- Diskusjon; vil verte høve til ved kvart delemne.

Temakvelden blei arrangert med god deltaking!

Helsing styra i Hardbagg IL og IL Veten
(Sist oppdatert 10.mars 2003, 18:19)

Gå til nyhendearkiv