Innbyding til Holmøyskarrennet 2017

Av holmoyskarrennet.no

Skipa 1967. Renn nr 50!
Idrettslaga Hardbagg og Veten byr inn til det 25 km lange tradisjonsrike turrennet
Holmøyskarrennet Palmesøndag 9. april 2017 med start og innkomst på Nordfjord
fritidssenter, Fjelli i Stryn.
Konkurranseklassane går i klassisk teknikk.
Parkering: Organisert parkering ved Nordfjord fritidssenter. Pris kr 50,- pr bil, berre kontant
betaling.
Start: Trim- og familieklasse utan tidtaking kl 0830 - 1100. UH-klassar kl 1100. Konkurranseog
turlangrennsklassar kl 1200.
Innkomsttid trim- og familieklasse seinast kl 1700.
Påmelding: Trim- og familieklassen ved rennkontoret før start. Registrering same stad ved
innkomst. Konkurranseløparane melder seg på innan fredag 7. april kl 2100 via
påmeldingsskjema, evt epost til turrenn@veten.info eller på tlf 91128730.
Startkontingent: Trim- og familieklasse under 16 år kr 50,-, vaksne kr 200,-. Konkurranseog
turlangrennklassane kr 250,- . Betaling kontant eller med kort ved frammøte til
registrering.
Konkurranseklassar: Junior kvinner/menn 15 – 16 år og 17 – 20 år. Senior kvinner/menn 21
– 35 år, 36 – 45 år, 46 – 55 år, 56 – 60 år, 61 – 65 år, 66 – 70 år, 71 – 75 år, over 75 år.
Turlangrennklassar: 17 – 35 år, 36 – 50 år, over 50 år. I denne klassen kan alle gå som ikkje
har teke premie i terminfesta renn i inneverande sesong.
Lisens: Deltakarane i konkurranse- og turlangrennsklassane må vise kvittering for betalt
lisens til NSF ved registrering/henting av startnummer. Dei som ikkje har heilårslisens kan
kjøpe eingongslisens før start. Det kostar kr 60,- for dei opp t o m 25 år og kr 150,- for dei
som er eldre. For dei som er 70 år og oppover er lisensen frivilleg.
Premiering: Minimum 1/3 i konkurranse og turlangrenn. Fine gåvepremiar. Uttrekking av
premiar i trim- og familieklassen. Vandrepokalar vinnast 3 gonger. Beste damelag 3 stk,
beste herrelag 3 stk, beste herrelag 5 stk. Pengepremie kr 2000,- til det laget som stiller
med flest deltakarar på tid, minimum 10.
Dusj/garderobe: Nordfjord fritidssenter.
Rennleiar: Arne M Sølvberg, tlf 48151317
TD: Per Hatledal.
Vel møtt til femtiårsjubileum!
(Sist oppdatert 19.mars 2017, 20:27)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))