Takk til alle funksjonærar!

Av Oddvin Myklebust

Som rennleiar og leiar for idrettslaget, vil eg takke alle som var med som funksjonærar under Norgescup i hopp og kombinert forrige helg.
Reknar med at dei fleste har fått med seg den positive omtalen som arrangementet og området har fått frå leiarar og aktive.

Det er ei enorm styrke for laget og bygda vår, at vi klarer dette gang etter gang – takka vere velvillege funksjonærar som stiller gang etter gang – og at nye kjem til!
Når ein i tillegg tek med all den innsatsen som frivillege funksjonærar la ned under Fjord-O i sommar, er det ikkje mindre enn imponerande kva eit så lite lag og lokalsamfunn kan få til.
Eg trur vi alle er stolte av å vere ein del av dette.

Vi møtte nokre utfordringar under årets Norgescup – men vi lærte av dei og takla dei, og vi tek dei med oss i planlegginga av komande arrangement.
Eit av dei komande arrangementa, er Junior NM i hopp og kombinert i februar 2018.

Igjen; takk for god innsats og velvilje!

Med helsing
for IL Veten
Oddvin Myklebust
-Leiar -
(Sist oppdatert 23.januar 2017, 10:54)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))