Monica Beate Hesjedal vann kvinneklassen i Strynemila!

Av Øyvind

Monica Beate vann, for andre år på rad, klassen sin i det tradisjonsrike løpet i Stryn sentrum på laurdag.
Vinnartida var på 43.40. - "Det gjekk litt tyngre enn i fjor, så det vart ikkje like god tid i år", sa Monica Beate til Fjordingen. Men det var likevel god klaring til neste dame på lista.
Vi gratulerer den spreke dama frå Ulvedal med det strålande resultatet!

Vi kan også nemne at det vart ny løyperekord i år. Denne vart sett av Rasmus Endre Bø, som sannsynlegvis har tjuvtrena litt med skiskyttarbrørne sine i sommar.

Heile resultatlista kan du laste ned her.
(Sist oppdatert 06.september 2016, 21:15)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))