Trimgruppa startar opp med måndagsturar!
Trimgruppa vil orientere om at dei startar oppatt med måndagsturar i nærområdet vårt!
Trimgruppa i IL Veten tek opp att måndagsturane i skog og mark. Alle er velkomne til å bli med. Du treng ikkje vere i form for å bli med.Målet er å bli i betre form. Vi går ikkje frå nokon. Det er best å ha litt gode sko, for enkelte stader kan det vere litt vått. Lurer du på noko, er det berre å ringe. (913 43 223). Vi har sett opp ei liste over turane. Skriv ut denne, så kan du bli med når det passar. Det er inga påmelding. Men det kan vere lurt å kome presis så vi ikkje går frå deg.
Helsing Trimgruppa v. Ottar
Her kan du laste ned oversikta over trimturane.
Vel møtt!
Helsing Trimgruppa v. Ottar
Her kan du laste ned oversikta over trimturane.
Vel møtt!
(Sist oppdatert 31.mars 2016, 21:50)
Siste nytt
- Sø 15.apr 10:04
- 5-støylsløypa oppkøyrd
- Ons 04.apr 21:04
- Resultat lagsmeisterskap i langrenn
- Tor 29.mar 15:03
- Resultat Nakkjen Ned 2018
- Tys 27.mar 18:03
- Holmøyskarløypa køyrt opp på ny!
- Lau 24.mar 16:03
- Nakkjen Ned 2018