Sommar-hoppinga er i gang

Av Øyvind

No er K15 og K40 klare for trening. Det er framleis litt snø på sletta, men det skulle ikkje vere noko problem. Vatn er kopla på, slik at det er berre å opne kranane.
- Anlegget kan brukast utan faste tider, men det som er viktig, er at nokon aldri er åleine i bakken. Det må alltid vere med ein vaksen.Plastbakke K15 © Oddvin Myklebust
- Bruk alltid hjelm og hanskar (Det er nokre små hjelmar på garasjeloftet som kan nyttast.
- Det er ok å låne ski, men dei skal setjast tilbake på plass. (Vi finn av og til ski som står att i bakken)
- Dei minste skia har NNN - binding (tåbinding). De må sjølve ha med sko.
- Vi har nokre par med telemarkbinding. Her må de og ha med sko.
- Treningsavgift for dei som nyttar trekket og ikkje er medlem av laget: Kr 100. De finn perm i skåp ved sida av inngangsdøra på garasjeloftet. Skriv inn namn og dato.

Ta elles kontakt med Olav (95241414) eller Jon Kåre (415307959)

NB! Det kan vere at det ligg litt smårusk i unnarenna. Viss så: De finn kost på garasjeloftet
(Sist oppdatert 10.juni 2015, 12:45)

Gå til nyhendearkiv