Føl gutane og jentene våre i aldersbestemt fotball!

Av Jorunn

Veten/Hardbagg stiller også i år med 2 lag i serien for aldersbestemt fotball; Gutar 12 og Jenter 11.
Jenter 11 spelar i gruppe med Breimsbygda 1 og 2, Sandane 1 og 2 og Stryn.
Gutar 12 spelar i gruppe med Stryn, Hornindal, Sandane 1, Haugen og Eid 1.
Begge laga har no igjen 2 heimekampar i vårsesongen. Jenter 11 skal spele måndag 8. Juni mot Sandane 2 og måndag 15. Juni mot Breimsbygda 1.
Gutar 12 skal spele torsdag 11. Juni mot Haugen og torsdag 18. Juni mot Sandane 1.
Kampstart på Ålandsleite er kl 18.00 alle dagar.
Kom og bli med og heie fram dei ivrige og flinke spelarane våre, få deg ein kaffikopp og slå av ein prat med trivelege bygdafolk i same slengen.

Termin- og resultatlister
Gutar 12 avdeling 8
Jenter 11 avdeling 5
(Sist oppdatert 08.juni 2015, 22:02)

Gå til nyhendearkiv