5-støylsløypa oppkøyrd i dag!

Av Øyvind

All snøen vi har fått i vinter gjer at skisesongen ikkje er over. Den flotte 5-støylsløypa er no oppkøyrd.
Langrenn: 5-støylsløypa 2 © Oddvin MyklebustDenne løypa er ei rundløype der du kan følgje den vanlege traséen til Nosakleiva, men i stadenfor å gå den same løypa tilbake går du i ein trasé som ligg i høgde med støylane på veg tilbake. Denne løypa går så langt innover som til Rosetstøylen.



Vi vil anbefale deg turen ut til Nosakleiva med retur via 5 stølsruta (ca. 10 km - totalt 16,5 km). Dette er truleg ei av dei flottaste turløypene ein kan finne med panoramautsikt til fjell og fjord heile vegen!
Vi tenker å preparere i helgane framover, og ellers når der er utsikter til finever.

Her kan du laste ned eit løypekart frå Holmøyskarrennet som viser kvar løypa går (merka med tekst).

Langrenn: 5-støylsløypa 1 © Oddvin Myklebust Langrenn: 5-støylsløypa 3 © Oddvin Myklebust







(Sist oppdatert 10.april 2015, 18:43)

Gå til nyhendearkiv