Resultat Nakkjen Ned

I strålande snøveir gjekk Nakkjen Ned av stabelen i dag.
Det var nokre alvorleg gode prestasjobar ute og gjekk. Aller raskast var Mathias Hagen. Han rakk ned godt før egga var kokte, på to minutt og femtini sekund.

Mininakkjen ned viste på nytt at bratteløp er ein sikker vinnar også for dei minste. Kjelkerennet tok lagarbeid til nye høgder. Noko for ein kvar smak altså.

Dei som ikkje hadde sånt hastverk koste seg med grilling, skigåing og soling.

Resultata frå rennet finn du her.
(Sist oppdatert 02.april 2015, 16:51)

Gå til nyhendearkiv