Informasjon og resultat etter Holmøyskarrennet

Av Øyvind

Holmøyskarrennet 2015 vart, tradisjon tru, gjennomført palmesøndag. Her følgjer informasjon ifrå arrangørane:
Holmøyskarrennet - utsiktTrass i litt dystre vermeldingar møtte 385 til start på Holmøyskarrennet palmesøndag.
Med start og innkomst på Nordfjord Fritidssenter på Fjelli. Det syner at det tradisjonsrike rennet er ein innarbeidd og viktig start på påska for svært mange. Veret veksla mellom solglytt og snøkavar heile dagen, men
ingen klaga når dei kom til mål. 37 fullførte konkurranseklassane, og det er kjekt å sjå at mange av dei er unge. Dei nye løypetraseane på 35 og 25 km som vart tekne i bruk 2013 får svært mykje ros frå løparane.

Vekslinga i føret frå start- og målområdet til høgfjellet skapte smøringsproblem for nokon, men Andre Haugsbø frå Gaular gjorde unna sine 35 km på 1:51:59, og med Roger Øye Pollen frå Førde nokre få sekund bak. Beste dame vart Lucy Jancus som går for Hornindal il.

Holmøyskarkongen sjølv, Per Knut Aaland held seg imponerande godt i form og gjev framleis dei unge karane sterk konkurranse. Han er ein av dei som har gått alle dei 48 renna, og i den selebre klubben har han no selskap berre av systra Aslaug Aaland og Lars Bergset.

Meir informasjon og resultat finn du på www.holmoyskarrennet.no!
(Sist oppdatert 01.april 2015, 11:01)

Gå til nyhendearkiv