Velkomne til Holmøyskarrennet 2015!

Av Øyvind

Det nærmar seg Holmøyskarrennet med stormskritt. Rennleiar Arne M. Sølvberg har sendt ut følgjande pressemelding:
Holmøyskarrennet - utsiktPalmesøndag er det tid for Holmøyskarrenn nr 48. Rennet har gjennom åra hatt fleire ulike start- og målområde, men Holmøyskaret har lege fast som ein del av løypa, og slik er det framleis. Etter den harde flaumen i 2011 vart det så store skadar på bruer og løypetrase i Markane at idrettslaget der ikkje såg seg syn med å halde fram som medarrangør. Rennet stod i 2013 fram i litt ny drakt med både start og innkomst ved Nordfjord fritidssenter på Fjelli, og med idrettslaga Veten og Hardbagg som arrangørar. Dei nye traseane med val mellom 25 og 35 km lengde fekk svært god mottaking.

Det vart nemnt både finaste turløpet i Noreg og det finaste i verda. I fjor vart det diverre snømangel og avlysing for fyrste gong i Holmøyskarrennet si lange historie, i godt selskap med fleire turrenn i fylket. Men i år ser det lovande ut med gode snømengder i fjellet. Palmesøndag brukar det å vere godt ver, så då er det berre å stille klokka til sommartid og ta turen til Fjelli for å nyte skituren og naturen. Og skulle du vakne til ruskever, treng du slett ikkje å drage dyna attover hovudet, for skirenn er det planer om uansett, då med ei kortare resrveløype utan å gå opp i høgfjellet.

Det har vore imponerande kor mange born og unge som brukar å gå, så Holmøyskarrennet er eit glimrande familietilbod. Sjølvsagt er det lurt med god niste i ryggsekken, men elles er det saftstasjonar i Smørdalen, Nøkkedalen og i slettene.

Har du lyst på ein prøvetur/treningstur i det nye løypeområdet for Holmøyskarrennet, såvert den kortaste løypa på 25 km oppkøyrd allereide til komande helg. Den går frå fritidssentret til Rosetstøylen, Smørdalen, Holmøyskaret, Klebergsdalen, Slettene, Nosakleiva og til mål på fritidssentret.


All informasjon du treng finn du på www.holmoyskarrennet.no!

Vel møtt til årets renn!
(Sist oppdatert 22.mars 2015, 21:46)

Gå til nyhendearkiv