Viktig info om årskort parkering, medlemskontingent og årsmøte

Av Øyvind

i


Ser ut til å bli ei fin helg. Ta i bruk dei flotte tilbuda vi har ved Nordfjord Fritidssenter. Løypene er oppkøyrde, Bergsetnakken ligg der og lokkar og i morgon OPNAR SKITREKKET :) !!



Minner og om Årsmøte i idrettslaget i morgon, søndag, kl. 19.00 v. NFS.



Over helga vil du få tilsendt giro for medlemsskap i idrettslaget. Dette er kontigenten for 2014!!

Vi beklagar sterkt at denne ikkje er blitt sendt ut tidlegare, men oppmodar alle om å yte dette bidraget til lagsarbeidet. Høgt medlemstal gir også økonomisk grunnlag for kva vi får tildelt frå ulike støtteordningar! Medlemskontigenten for 2015, vil verte sendt ut seinare i vår.



Mange spør kvar dei kan få tak i Årskort for parkering. Dette skal dei fleste husstandar ha fått utdelt ilag med Aktivitetskalendaren før jul. I tillegg så kan ein laste ned og skrive ut Årskortet frå våre heimesider under fana «Om IL Veten». Hugs å merke kven betalinga gjeld, når de betalar på nettbank. Der ligg også giroar i parkeringskassa og i kafeèn ved NFS, i tillegg er der også lagt ut på Coopen.



Då vil vi ynskje alle ei god helg!

Helsing Oddvin

Leiar IL Veten
(Sist oppdatert 31.januar 2015, 16:06)

Gå til nyhendearkiv