Oppstart av skitrekket ved Nordfjord Fritidssenter

Av Øyvind

Komande søndag 1.februar startar skitrekket ved Nordfjord Fritidssenter opp igjen. Det skal vere ope kvar søndag, pluss 5 dagar i påska.
For å få dette til har det blitt sett opp ei dugnadsliste over vakter framover. Om de ikkje har høve til å ta vakta dykkar, lyt de sjølve byte innbyrdes. Nøkkel og pengeskrin hentar de hos Olav og Kari Nyberg.

Opningstid i trekket : 11.00-16.00.

Om noko ikkje fungerar som det skal med skitrekket, ta kontakt med Anders Magne Bergset, tlf : 90 25 42 83.

LYKKE TIL, med ønske om yrande liv i bakken og mykje moro!!

Last ned vaktlista.
(Sist oppdatert 31.januar 2015, 00:23)

Gå til nyhendearkiv