Informasjon om årskort og medlemsskap

Av Øyvind

Årskort parkering Nordfjord Fritidssenter
Vi oppmodar så mange som mulig om å kjøpe årskort for parkering ved NFS!! Dette er eit viktig økonomisk bidrag for å klare å halde
fram med det fantastiske arbeidet som vert lagt ned i preparering av flotte turløyper, lysløyper og hoppbakkar!
Enkeltmedlem kr. 450,-. Familie kr. 750,-.

Medlemskap i idrettslaget
I tillegg til sjølve medlemskontigenten, så er høgt medlemstal viktig for idrettslaget, då dei fleste økonomiske tilskot er rekna med
grunnlag i medlemstal. For den enkelte er det viktig å vere medlem slik at ein støtter laget sin aktivitet og dermed tilbodet i bygda!
Medlemskap gir m.o.a. rett til premiering på årsfesten, barn og unge får dekka påmeldingskontigent til ulike renn og arrangement.
Enkeltmedlem kr. 150,-. Familie kr. 300,-.
Om du ikkje er medlem, og vil melde deg inn i laget, og /eller ynskjer å kjøpe Årskort parkering ved NFS, kan du kontakte oss på våre heimesider http://www.veten.info/
eller ta direkte kontakt med Lillian Gausnes Fenn 95734838, lillian.fenn@stryn.kommune.no.
Giro for Årskort parkering NFS, er vedlagt, du finn også giro i «parkeringskassen» og i kafeen ved NFS. Også ved Coop Fjelli vert det lagt ut giro.
(Sist oppdatert 12.januar 2015, 23:05)

Gå til nyhendearkiv