Informasjon om aktivitet i Bjørkelibakkane i Romjula

Av Øyvind

Her kjem litt informasjon frå Hoppgruppa i høve aktivitet i Romjula:
Treningssamling:
Laget legg opp til å kunne trene i romjula. Vi har førebels lagt opp til samling 28.12 og 29.12. i bakkar opp t.o.m. K 70. K 25 vert ikkje laga til. I terminlista ligg samling på 27. - 28., men vi har ein del fellesarrangement i jula som ligg på desse to dagane. Flytting ein dag vil gjere det lettare. Dei fleste av dei aktive har og fri den 29. Bakkane vert opne frå kl 1300

Det vert ikkje leigd inn eksterne krefter på instruksjonssida. Vi nyttar kompetanse i miljøet.

Overnatting:
Dei som treng overnatting, kan nytte Nordfjord Fritidssenter. Det vert kjøpt inn mat som de kan lage til sjølve. Viss det vert mange som overnattar, vil Senteret stå for matlaging. De tingar sjølv overnatting ((48284874).

Plan framover mot samlinga:
Som de sikkert har fått med dykk, har det kome ein god del kvitt frå "oven", og det skal kome meir. Det fører til at alle detaljar ikkje kan bankast i skrivande stund. Eg kjem til å sende meir info på mail 2. juledag. Det vert og teke telefonkontakt med miljøa 3. juledag. Men det hadde vore fint om eg kunne få ei tilbakemelding får dykk som kjem innan 2. juledag.

Dugnad:
Dette er meint til dei lokale - og evnt. andre: Det vert dugnad for å fjerne snø frå tilløpet i K70 og gjere klar startplattformene i morgon (søndag) kl 1300. Ta med spade. Det er god trim før julefeiringa, og fin oppladning til handballfinalen!!! (Oddvin sender og ut SMS-varsling om dugnaden på den interne liste til laget)


Så vil eg nytte høvet til å ønskje god jul til alle!!

Jon Kåre
(Sist oppdatert 20.desember 2014, 14:13)

Gå til nyhendearkiv