Ragnvald Bergset vart heidra

Av Øyvind

Under basaren på søndag vart Ragnvald Bergset tildelt Ole Petter Støve sitt Minnefond.
Nakkjen ned - ragnvald © ThorolfI grunngjevinga for tildelinga sto det, blant anna, å lese:

- Han var ein av dei største pådrivarane for å få på plass lysløype og generelt løypenettet kring senteret. Lysløypa v. senteret vart opna i 1995.
- Han har vore ansvarleg for langrennsdelen i nesten samtlige renn, både lagsrenn og internasjonale renn som har vore arrangert ved senteret heilt sidan oppstarten.
- Som leiar av langrennsgruppa, har han sytt for både planlegging og gjennomføring av langrennstreningar og cuprenn i snart ein mannsalder
- Han er ei viktig brikke for Holmøyskarrenet, som no ser ut til å få ein ny vår.
- Han var med og drog i gang Nakkjen Ned, og har gjennom alle år vore ein viktig del av dette arrangementet.


Her kan du lese heile grunngjevinga.

Vi gratulerer med den velfortjente tildelinga Ragnvald!
(Sist oppdatert 27.oktober 2014, 19:46)

Gå til nyhendearkiv