Minnegåve etter Vemund Bergset

Av Øyvind

Leiar i IL Veten, Oddvin Myklebust, ynskjer å takke for minnegåve i samband med Vemund Bergset sin bortgang.
Idrettslaget har motteke 8675,- kr. som minnegåve etter Vemund Bergset. Familien ynskjer at gåva skal nyttast til anlegg og utstyr som kjem barn og ungdom til gode.
På vegne av idrettslaget, så vil styret takke for gåva og syte for at den vert nytta i tråd med føresetnadane.

Vi vil samstundes takke for den innsatsen Vemund ytte for laget og idretten, og for at han har gitt oss mange etterkomarar som også har lagt ned stor innsats og oppnådd mange gode resultat for idrettslaget.


Med helsing
for IL Veten

Oddvin Myklebust
-Leiar -
(Sist oppdatert 19.september 2014, 12:17)

Gå til nyhendearkiv