Gode resultat i Skåla Opp!

Av Øyvind

4 sprekingar frå IL Veten stilte i konkurranseklassen i Skåla Opp som gjekk av stabelen laurdag. Hanne Kristiansen fekk bronse i sin klasse!
Totalt 1935 løparar fullførte det knallharde løpet frå Tjugen til Skålatårnet.

Hanne Kristiansen fekk tida 2:00:26 og vart nr. 3 i klassen Kvinner 20-22 år! Vinnartida var på 1:48:53.
Erlend Bakken fekk ein strålande 7. plass i klassen Gutar 15-17 år! Han brukte 1:38:06 til toppen! Vinnartid i denne klassen var 1:28:30.
Knut Gunnar Ulvedal fekk med tida 1:52:48 ein flott 49. plass i klassen Menn 35-39 år! Imponerande vinnartid her var 1:13:51.
Gunnar Magne Bakken brukte 2:15:16. Han fekk dermed ein fin 87. plass i klassen Menn 50-54 år! Her var vinnartida på 1:26:14.

Elles stilte Astrid Bakken, Liv Isehaug Kristiansen, Anbjørn Sølvberg og Kjell Roset i Mosjonsklassen.

IL Veten gratulerer med strålande innsats!

Les meir om arrangementet og studér resultatlistene i detalj på Skåla Opp si heimeside.
(Sist oppdatert 19.august 2014, 21:56)

Gå til nyhendearkiv