Informasjon frå Hoppgruppa om plastbakkane

Då er opninga av plastbakkane historie. Tilbakemeldingane på dagen har vore gode.
Pr. dato kan bakkane framover no nyttast fritt, men kontakt Olav på tlf 95241414 når de vil trene. Det har med vatn å gjere. Det er ikkje trekk i bakkane førebels.

Når trekket vert oppe og går, må opningtidene gjerast litt meir faste. Meir info om det kjem.

Elles minner eg om at fylkesvegen retning Stryn vert heilt stengd i perioden 20.06. (ettermiddag) - 02.07. Vegen mot Eid er open.

Krinsen/idrettslaget kjem med meir info om sommarhoppskule seinare.

Jon Kåre
Leiar i Hoppgruppa
(Sist oppdatert 18.juni 2014, 22:01)

Gå til nyhendearkiv