Storstilt opning av plastbakkane

Av Øyvind

Etter utallige timar med arbeidsinnsats av Olav Nyberg og flinke hjelparar kunne vi endeleg presentere dei to flotte plastbakkane i Bjørkelibakkane i dag.
Plastbakke K15 © Oddvin MyklebustDen offisielle opninga var det sjølvaste skipresidenten og sportssjefen som stod for, då dei vinka utfor kvar sin hoppar i K15 og K40. Clas Brede Bråthen uttalte følgjande til NRK Sogn og Fjordane i dag: – Det har blitt eit fantastisk anlegg for heilårsbruk. Eg trur hoppmiljøet i området kjem til å blomstre opp som følgje av dette. Det ligg til rette for vidareutvikling av det flottaste hoppanlegget mellom Oslo og Trondheim. Dette er flotte ord frå ein av dei viktigaste personane i norsk hoppsport for tida.

Leiar i IL Veten, Oddvin Myklebust, sa at bakkane no blir meir tilgjengelege, og at dette kan vere med på å rekruttere fleire hopparar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Vi håpar at mange får glede av anlegget og at det blir stor aktivitet.

Les meir om opninga og sjå bilder på NRK Sogn og Fjordane si heimeside.
(Sist oppdatert 11.juni 2014, 23:13)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))