Ny sterk prestasjon av Isak Bergset

Av Øyvind

I Pinsa er det WorldCup-løp i orientering (langdistanse) på Kongsberg. I eit uttaksløp til dette arrangementet deltok Isak. Han enda på ein veldig sterk 10. plass!
Uttaksløpet vart avikla i Stjørdal og var på 13,6km i tungt og krevjande terreng. Mange løparar måtte faktisk bryte løpet.

Heile norgeseliten stilte til start. Blant desse var også Olav Lundanes.
Det heldt dessverre ikkje til å få delta i WorldCup, då det kun er dei 8 beste løparane som får plass, men ein utruleg prestasjon uansett!

Dette viser i alle fall at Isak nærmar seg norgestoppen i orientering! Vi gratulerer!

Sjå resultatlista her
(Sist oppdatert 26.mai 2014, 23:41)

Gå til nyhendearkiv