Isak Bergset med god orientering i Sverige

Av Øyvind

Isak, som spring for NTNUI, hadde 2. etappen for laget som stilte til start på "Tiomila" 3. og 4. mai.
Dette er ein av dei største stafettane i orientering i verda og består av heile 10 etappar. Nærare 400 lag deltok på stafetten. Laget frå NTNUI tok ein veldig sterk 18. plass, omlag 20 min. bak vinnaren. Isak vart den 21. beste løparen på sin etappe. Ein utruleg sterk prestasjon!

Her kan du sjå heile resultatlista og du kan lese meir om "Tiomila" på denne linken.

IL Veten gratulerer!
(Sist oppdatert 12.mai 2014, 21:07)

Gå til nyhendearkiv