ENDRING AV TIDSPUNKT FOR NAKKJEN NED!

Av Øyvind

I år vil det bli endra dag for Nakkjen Ned. Normalt sett går dette rennet Skjertorsdag, men grunna dårlege meldingar denne dagen vil rennet bli flytta til Langfredag.
Nakkjen Ned Logo grøn © Magne KristiansenGrunna manglande snø i nederste del av traséen, vil årets innkomst bli på Smørdalen.
Dei som skal delta kan sjølve velge om dei vil gå opp til Nakkjen direkte ifrå Nordfjord Fritidssenter eller om dei vil gå via Smørdalen for å besiktige løypa. Løypa er veldig oversiktleg, så det skal ikkje vere behov for å besiktige for tryggleiken si skuld.

Påmelding og premieutdeling, vil føregå ved Nordfjord Fritidssenter. Premieutdelinga vil skje kl. 16.00.

All informasjon du treng å vite om starttidspunkt, klasseinndeling og påmelding m.m. finn du i innbydinga.
Trasé for Nakkjen Ned 2014 © Anders Bergset
Trasé for Nakkjen Ned 2014
Anders Bergset

Kven som er sett opp til å bidra til at dette blir eit framifrå arrangement står oppført i funksjonærlista.

Vel møtt til Nakkjen Ned i påska 2014!

Meir informasjon og bilete frå tidlegare arrangement finn du på Nakkjen Ned si side.
(Sist oppdatert 14.april 2014, 11:28)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))