Imponerande sesongstart i orientering

Av Øyvind

IL Veten sine orienteringsløparar var verkeleg i storform i Askvoll i helga!
Orientering: Krinsløp 06.04.14










Dei to debutantane Erlend Bakken og Mathias Hidalgo viste ingen respekt i opningsløpet. Med ein 1. plass til Mathias og ein 3. plass til Erlend skulle ein tru at dei har fått meirsmak i å springe med kart og kompass.

Elias og Anders Bergset hadde også topplasseringar denne helga. Elias vann sin klasse og Anders fekk ein flott 2. plass.

IL Veten er stolte over den flotte innsatsen i sesongopninga. Dette lovar veldig bra for dei føreståande løpa!

Her finn du heile resultatlista.
(Sist oppdatert 06.april 2014, 22:33)

Gå til nyhendearkiv