Sterk innsats i Telenorleikane

Av Øyvind

Daniel Hagen og Sogn og Fjordane sitt lag gjorde ein flott figur under Telenorleikane på Hafjell i helga!
Sogn og Fjordane Skikrins vart 3. beste krins i år! Berre slegne av Oslo og Akershus.

Daniel Hagen var med på alle tre renna, som består av Super-G, Storslalåm og Slalåm. Han hadde følgjande plasseringar:

Super-G: nr. 67
Storslalåm: nr. 50
Slalåm: nr. 44

Dette er veldig bra resultat av ungguten frå IL Veten! I tillegg vitnar det om ein sterk tropp frå fylket når dei tek ein 3. plass totalt!

Du kan sjå nærare på alle resultat her.

Lillehammer Skiklubb sine nettsider kan du lese meir om arrangementet og sjå bilder.
(Sist oppdatert 06.april 2014, 22:13)

Gå til nyhendearkiv