Kunngjering i samband med flytting av Hovudlandsrennet

Av Øyvind

Leiar i IL Veten, Oddvin Myklebust, kjem med følgjande kunngjering:
Som det etter kvart er blitt kjent gjennom media, er HL 2014 flytta.

Mandag morgon (17/2) vart vi orientert frå Skiforbundet om at langrenn ikkje kunne gjennomførast på Ullsheim pga. snømangel. Vi vart i same e-post bedt om å avklare, ilag med juryen, om det var mulig å gjennomføre hopp og kombinert ved NFS.

I løpet av mandag kveld var styret samla og rennleiar Jon-Rune Heimlid var i kontakt med alle jurymedlemmar og sentrale personar i Skiforbundet.

Tirsdag morgon var alle formalitetar og godkjenningar klare, og vi kunne melde tilbake at det var tilfredstillande forhold ved NFS til at arrangementet kunne gjennomførast som planlagt. Tilbakemeldinga frå Skiforbundet var at dei, slik situasjonen var, ville fråvike kravet om at langrenn, hopp og kombinert skulle gjennomførast som felles arrangement.

Vi tok då fatt på å få på plass dei økonomiske forholda. Vi møtte stor velvilje hjå Stryn kommune og fleire bedrifter som ville sponse arrangementet.

I løpet av dagen, hadde vi fått så pass god oversikt over «den nye økonomien» at vi vurderte det til å bli eit økonomisk forsvarlig arrangement.

Tirsdag i 12-tida fekk vi ny e-post frå Skiforbundet, der vi blei bedt om å bekrefte skriftlig innan kl. 17.00 at vi ville ta på oss hopp og kombinert. Vi fekk denne fristen utsett til midnatt pga. at underteikna var på reise.

Innan fristen sende vi då ei skriftleg bekrefting på at vi tok på oss arrangementet. Etter ein lang dag, med mange telefonar og avklaringar, var vi svært glade for å ha fått «redda i land» arrangementet, som ville vere svært viktig både for laget og NFS.

I dag tidlig (19/2) kl. 9, fekk vi svar frå Skiforbundet om at dei hadde ombestemt seg, og ville flytte også hopp og kombinert! Dei viste her til vedtak på Skitinget om samla Hovedlandsrenn for nordiske greiner.

Vi beklager dette sterkt, og er svært skuffa over både prosess og avgjerd.

Vi vil takke alle som har lagt ned arbeid og har sagt seg villege til å vere funksjonærar for det tenkte arrangementet. Det er godt å vite at det er så lett å få folk i bygda til å stille på!!

Ei spesiell takk til Jon-Rune og Olav, og for den innsatsen dei har lagt ned dei siste dagane for å prøve «å redde arrangementet».




Med helsing
for IL Veten

Oddvin Myklebust

-Leiar -

om@nordplan.no

mob 90960342

http://www.veten.info/
(Sist oppdatert 20.februar 2014, 07:45)

Gå til nyhendearkiv