Anne-Marie Roset vart kretsmeister!

Av Øyvind

3 langrennsløparar frå IL Veten var denne helga i Hafslo for å delta i KM.
Det starta fantastisk for Anne-Marie som vart kretsmeister på 3 km. friteknikk i klassen J14 på fredag! I tillegg stilte også Erlend Bakken og Mathias Alexander Hidalgo for IL Veten. Fredag vart det ein 8. og 9. plass i klassen G16.

Laurdag vart det ein flott 2. plass for Anne-Marie og ein 10. og 11. plass for Erlend og Mathias Alexander på sprinten.

Søndag var det klassisk som står på programmet. Der stilte ikkje Anne-Marie. Erlend og Mathias fekk 10. og 11. plass.

Vi gratulerer med flott innsats!

Her finn du alle resultata.
(Sist oppdatert 26.januar 2014, 18:50)

Gå til nyhendearkiv