Treningssamling i Bjørkelibakkane

Av Øyvind

På terminlista ligg det inne treningssamling og Vestlandsmeisterskap i Bjørkelibakkane 27. -29.12.
SFE Cup finale 2013 © Øyvind BlaksetSom sikkert «miljøet» er kjent med, har det i haust vore ei oppgradering av anlegget:
- Ferdig plastlegging/justering av profil av K15
- Ferdig tilløp/justering av profil K40

I begge bakkane er det bygd porselenspor m/varmekablar. Det er noko vi ser fram til å ta i bruk!

Pr dato er det ikkje nok snø i anlegget, så det er ikkje råd før rundt komande helg å vite om det vert mogleg å hoppe i romjula. Det vil kome meir informasjon 23.12. på mail til miljøet. Bl.a. vil de få informasjon om tider for opne bakkar. I utgangspunktet satsar vi på å nytte K3, K5, K10, K15, K40 og K70

Det er og høve til å tinge seg overnatting på Nordfjord Fritidssenter (Tlf 482 84 874) for dei som ønskjer det.

Når det gjeld Vestlandsmeisterskapen, finn ikkje hoppgruppa høve til å arranger den, Eit slikt arrangement krev ein til dels stor stab . I bygdene våre er det lang tradisjon med juletrefestar desse dagane, og alle barn og mange av dei vaksne er involverte her.

Eg har vore i kontakt med Gunnar om problematikken, og vi arbeider med å finne ein dato seinare på vinteren, der både Hordaland og Møre og Romsdal har høve til å vere med.

Så velkomne til – viss snøen kjem – ei god treningssamling i Bjørkelibakkane!


Ei førjulshelsing frå
Hoppgruppa Il Veten
Jon Kåre Blakset
(Sist oppdatert 18.desember 2013, 23:54)

Gå til nyhendearkiv