Ivar Ulvedal sykla frå Paris til Nice!

Av Øyvind

Som vi skreiv om på nettsida tidlegare, har Ivar Ulvedal og mor, Anne Stubdal, førebudd seg på ein prestasjon som det står respekt av i sommar og haust.
Ivar Ulvedal etter Paris-2-Nice © Anne StubdalMålet var å delta i sykkelrittet Paris-2-Nice 28. september i år. Dette gjennomførte dei med glans!

Dei to sykla tandem i 72 mil på 6 dagar saman med 6 andre fra Norge og 74 irske syklistar. Siste mila var dei så heldige å få sykle saman med trippelvinnar Stephen Roche (til høgre for Ivar på bildet) som har vunne Tour de France, Giro d'Italia og VM same året (1987). På bildet ser du Ivar og Anne etter målgang i Nice, saman med dei andre norske deltakarane: Torger Helle Schia, Holmar Tomasson, Christian Jostad og Elin Kjølseth. Siste nordmann, Geir Smeby var ikkje med på bildet. Norge stilte med 3 utviklingshemma Special Olympics utøvarar, Irland stilte med 1 blind toppidrettsutøvar på tandem.

IL Veten gratulerer med ein flott innsats!

Du finn meir informasjon og flotte bilete frå heile turen på Special Olympics si nettside.
Her finn du meir informasjon om syklistane som var med frå Norge.
(Sist oppdatert 13.oktober 2013, 22:25)

Gå til nyhendearkiv