Fantastisk innsats på Grotli-renna!

Av Øyvind

Forrige laurdag og søndag vart Grotli-renna arrangerte på Strynefjellet. Dei 3 brørne Daniel, Matias og Sigbjørn Hagen var i kjempeslag!
Det var Stryn Alpin og Grotli Høgfjellshotell som stod for arrangementet, og i den strålande sola hadde deltakarane perfekte forhold.
Det er kun utfor det blir konkurrert i begge dagane under Grotlirennet, og Hagen-gutane ser ut til å meistre denne disiplinen veldig godt. Sjå berre her:
Laurdag vart Daniel nr. 1, Matias nr. 2 og Sigbjørn nr. 1.
Søndag vart Daniel nr. 1, Matias nr. 1 og Sigbjørn nr. 1.

Det er berre å gratulere!

Her kan du sjå resultatlistene.
Siri Lund tok også mange fine bilder som du absolutt bør ta ein kikk på!
(Sist oppdatert 13.april 2013, 01:59)

Gå til nyhendearkiv