Resultat Nakkjen Ned 2013

I år vart Nakkjen Ned arrangert omlag akkurat som før om åra. Det var mykje tylerenning og generelt gode prestasjonar. I kurant veir kosa alle seg, og både deltakarar og publikum fekk valuta for pengane.
Nytt av året var kjelkerenn! Unge og gamle i nesten alle aldrar frå 6 til 80 stilte opp og kjelka seg nedover løypa. Fort gjekk det, snøsprøyten stod om øyra, og adrenalinet skvatt. Dei aller fleste kom i mål. Dei 16 kjelkeekvipasjane gjorde sitt til at dagen vart vellukka for alle involverte.

Resultata frå Nakkjen Ned, og tilhøyrande konkurransar, finn du her.
(Sist oppdatert 28.mars 2013, 16:11)

Gå til nyhendearkiv