Ivar fortset å imponere!

Av Øyvind

Ivar har ikkje lege på latsida etter den flotte innsatsen under OL tidlegare i år.
Ivar Ulvedal i full fart2. og 3. mars deltok han på Peder Morset Lekene og kom heim med gullmedalje på 5 km. klassisk.
Helga etter var det klart for Halvbirken. Der vart han nummer 2 i klassen sin. Og som om ikkje det var nok, er han nettopp komen heim frå Holmenkollen Special Olympics i Sørkedalen. Der vart det gull på mix-stafett og bronse på 5 km.

IL Veten gratulerer, nok ein gong, med flott innsats!
(Sist oppdatert 21.mars 2013, 00:26)

Gå til nyhendearkiv