NY DESIGN PÅ HEIMESIDA!

Av Øyvind

I dag har www.veten.info fått ny innpakning!
Du vil finne den same informasjonen på heimesida som du har gjort før. Menystrukturen er også lik, men er no flytta til toppen på sida. For å få fram undermenyar, held du musepeikaren over det menypunktet du vil inn på.

Nye ting
- Vi har no fått eit område der vi kan vise linkar til aktuell informasjon og arrangement
- Webkamera ved Nordfjord Fritidssenter
- Siste nytt, Kalendar, Aktuelt og Webkamera vil alltid vere tilgjengeleg til høgre om du hentar opp undersider og nyhende
- Integrert presentasjon av vêrmelding for Nordsida

Vi håpar de set pris på den nye sida og tek gjerne imot ris og ros til webmaster@veten.info

IL Veten vil gjerne takke Svein Arild Bergset i DagenDin.no for arbeidet med det nye designet!
(Sist oppdatert 19.mars 2013, 00:05)

Gå til nyhendearkiv