Ivar vart heidra av IL Veten

Av Øyvind

Under basaren på Nordfjord Fritidssenter sist søndag var OL-helten heidra av idrettslaget.
Ivar heidra av IL Veten 10.02.13 © Øyvind BlaksetDet var Oddvin Myklebust som, på vegne av laget, stod for talen til den nybaka meisteren. Etter rosande ord til Ivar og familien vart det overrekking av blomster og ei stor kake som alle oppmøtte på senteret fekk høve til å smake på. Det hadde møtt opp veldig mykje folk denne søndagen så jubelen stod høgt i taket! Etter 2 gull og 1 bronsemedalje i OL skulle det berre mangle.
(Sist oppdatert 14.februar 2013, 23:07)

Gå til nyhendearkiv