Ola Ødegård deltok i Marcialonga

Av Øyvind

IL Veten har hatt sin første deltakar i turrennet Marcialonga i Italia.
Ola Ødegård fullførte sist søndag det 72 km. lange løpet som går frå Moena til Cavalese i provinsen Trento. Ola gjekk distansen i klassisk stil på tida 7 timar og 10 minutt.
Flott innsats av karen frå Fjelli! Etter dette blir Holmøyskarrennet for barneskirenn å reikne for Ola.

Vi kan også nemne at ein annan nordmann stakk av med seieren i det prestisjetunge rennet. Jørgen Aukland, den tidlegare eliteløparen klarte den bragden.

Meir om Marcialonga
(Sist oppdatert 02.februar 2013, 19:52)

Gå til nyhendearkiv