Informasjon frå Hoppgruppa

Av Øyvind

Grunna lite snø i Bjørkelibakkane er det litt usikkert om hoppsamlinga 29. og 30.12 kan gå som planlagt. Det snøar godt i området no, men om det blir nok til å lage til bakkane er usikkert.
Når det gjeld planlagt hopptrening framover, ser de av terminlista at det er sett opp bl.a. treningssamling i Bjørkelibakkane 29.12 og 30.12

Pr. dato er det er det berre dato som tilseier at det er snøsesong. Meldingane framover i jula er heller ikkje på snøsida. Så det er ikkje råd for oss å gå ut med meir opplysningar om treningssamlinga no.

Eg kjem til å gå ut med ny mail 27.12. om status.

Når det gjeld vanlege treningar, satsar vi og denne sesongen på tysdagar når snøen kjem.

Meir info om det seinare.

Mvh
Jon Kåre Blakset

Les meir på Skikrinsen si nettside.
Terminliste Hopp/Kombinert 2012-2013
(Sist oppdatert 26.desember 2012, 23:12)

Gå til nyhendearkiv