Ivar utteken til OL for andre gong!

Av Øyvind

Ivar Ulvedal er teken ut på langrennslandslaget til Special Olympics World Winter Games 2013. Leikane skal arrangerast i Sør-Korea i januar og februar.
Ivar Ulvedal i full fartDet er 13 langrennsutøvarar og 6 alpinistar, og det er Skiforbundet som har ansvaret for disse. I tillegg er det en gjeng med trugeløparar og skøyteløparar. Les meir på Special Olympics sine heimesider.

Ivar har delteke på alle treningssamlingane til Skiforbundet, haust og vinter, og er godt kjend i dette miljøet. Vi heiar på Ivar og ønskjer lukke til på nyåret!

På heimesida til Special Olympics World Winter Games 2013 finn du meir nyttig informasjon.

Gratulererer med uttaket!
(Sist oppdatert 01.oktober 2012, 20:47)

Gå til nyhendearkiv