Ivar Ulvedal - ein allsidig idrettsmann

Av Øyvind

Vi kjenner Ivar som ein særs habil skiløpar, men han viser styrke i andre idrettsgreiner og. I sommar har han delteke på 2 friidrettsstemner og oppnådd flotte resultat.
Ivar Ulvedal (i blå overdel) etter stafettsigeren under Bislett Special Olympics 2012 © Anne Stubdal
Ivar Ulvedal (i blå overdel) etter stafettsigeren under Bislett Special Olympics 2012
Anne Stubdal
1.-3.juni deltok Ivar på Vivil-leikane. Vivil-leikane er eit landsomfattande idrettsstemne for utviklingshemma som kvart år blir arrangert i månadsskifte mai/juni på Nadderud stadion i Bærum. Øvelsane er symjing, friidrett, fotball, handball og boccia. Ivar deltok på 400 meter og 800 meter. Det er ingen rangering under desse leikane.
Her kan du sjå både bilder og resultat (klikk på linken "Vivil-lekene" i venstremenyen).

Denne helga, 11.-12.august, var han med på Bislett Special Olympics. Her vart det heile 4 medaljar!
- Gull på 400 meter
- Gull på stafett (Sprang ein etappe på laget til Stjørdal HSL)
- Sølv på 200 meter
- Sølv på 800 meter
Les meir her

8.september er det lokale idrettsleikar i Sogn og Fjordane - Byrkjeloleikane. Der er han påmeldt i alle greinene. Dette er eit heilt nytt tiltak - så det blir spanande.
Les også meir om idrettsleikane her.

Vi gratulerer Ivar med flott innsats på friidrettsbana i sommar, og ønskjer han lukke til på Byrkjelo! I vinter vert han truleg med på Halvbirken, Ridder-rennet, Peder Morset Leikane og Special Olympics Holmenkollen.
(Sist oppdatert 16.august 2012, 22:39)

Gå til nyhendearkiv