Oppdatert informasjon om SFE Cup

Av Øyvind

Her er status i høve rennet i Bjørkelibakkane i morgon. Rennet vert ikkje eit finale-renn. Les meir i artikkelen.
Grunna lite påmelding vert ikkje K70 tillaga/nytta.
Pr. no ser det ut til at dei andre bakkane kan nyttast, men temperatur i natt og i morgon vil vere avgjerande for K15 og K40. Det er spesielt tilløpa som er problemet, men unnarennet i K40 ligg og utsett til.

Minner om rennstart kl 1100. Event. etterpåmelding må gjerast på rennkontoret før kl 1000
P.g.a at det er få deltakarar som har skaffa seg samanlagtpoeng i SFE-cupen i vinter, vil rennet i morgon vere eit vanleg SFE -renn med vanleg premiering, og ikkje ein finale. Premiane er det krinsen/SFE som ordnar med, og dei vil ha SFE-logo.
P.g.a. den raske snøsmeltinga, vil det verte lagsrenn for IL Veten i morgon. Dei som deltek i det ordinære rennet, vil få overført resultat til lagsrennet. Viss det er nokon som ikkje deltek i rennet, men som vil vere på lagsrennet, lagar vi til prøveomgong og to omgongar etter SFE-rennet. Premiering for dette vert på årsfesten.


Ring Jon Kåre Blakset (41539795) viss det er spørsmål.
(Sist oppdatert 24.mars 2012, 16:51)

Gå til nyhendearkiv