244,5 meter!

Av Øyvind

Anders Fannemel sluttar ikkje å imponere...
Anders Fannemel 0912 © Einar LøkenI helga deltok han i sitt første VM i skiflyging, og det attpåtil i Vikersund. Dei fleste har vel fått med seg korleis det gjekk. På laurdag varta han opp med verdas nest lengste hopp, berre 2 meter bak Johan Remen Evensen sin verdsrekord! Etter eit litt dårlegare andrehopp, enda han på ein 13. plass i det individuelle rennet. Men denne dagen vil han uansett ikkje gløyme med det første!

Under laghoppinga søndag vart det ein litt skuffande 4. plass på det norske laget.

Anders leverte uansett, i tillegg til kjempehoppet, flotte lengder rundt 200 meter heile helga. IL Veten gratulerer så mykje!!
Meir om Anders på Nrk Sogn og Fjordane
Sjå intervju med Anders på VGTV
(Sist oppdatert 27.februar 2012, 21:33)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))