Informasjon frå Hoppgruppa om vinterferie-veka

Av Øyvind

Det vert ikkje organisert trening i vinterferien.
Olav Nyberg vil maskintrakke bakkane opp t.o.m. K15 med jamne mellomrom denne veka. Viss nokon ønskjer å nytte desse bakkane, kan de berre ta med spade/ski og lage til hopp og tilløp sjølve.

Når det gjeld K40/70, er det for store snømengder til å opne desse. Vi må kome attende til desse bakkane i neste veke, men det vil kreve mindre nedbør/vind og ein god del dugnadsinnsats for å få tilløpa i orden.

Skulle det vere spørsmål om noko denne veka, kan de kontakte Jon - Rune Heimlid (95768396)
(Sist oppdatert 20.februar 2012, 21:01)

Gå til nyhendearkiv