Utdeling frå Ole Petter Støve sitt minnefond.

På idrettslaget sitt årsmøte 12. februar blei det delt ut prisar til 2 personar som har vist stor velvilje, engasjement og gjort ein stor dugnadsinnsats til beste for fellesskapet.
Idrettslaget har fått ansvaret for å dele ut ein pris frå eit minnefond etter Ole Petter Støve. Prisen skal delast ut til ein person/organisasjon som har nedlagt eit stort dugnadsarbeid for Vangen Aktivitetsenter/Nordfjord Fritidssenter. Denne prisen blei delt ut første gong i 2001.

Styret har 2 klare kandidatar for denne tildelinga for 2011.

Minnepris 2011 © Thorolf

Olav Nyberg og Jan Reidar Tvinnereim, tildelt prisen for 2011.

Idrettslaget og Fritidssenteret gratulerer dei to prisvinnarane, takkar for innsatsen så langt og håpar at vi får stor nytta av deira innsats også i framtida.

Prisvinnarane tidlegare år er:
2001 Arvid Sølvberg
2002 Arne Berglid
2003 Ola Ødegård og Bodvar Sølvberg
2005 Torhild og Per Egil Steinsåker og Anders Bergset
2007 Erik Ivar Ulvedal
(Sist oppdatert 15.februar 2012, 23:03)

Gå til nyhendearkiv