Daniel Hagen med 1. og 2. plass i KM

Av Øyvind

I helga var det duka for KM i slalåm og storslalåm i Stryn. Brødrene Daniel og Mathias Hagen stilte til start i begge disiplinane.
Daniel stiller i klassen G11, medan Mathias stiller i G14/15.

Laurdag var det slalåm. Her vart Daniel nr. 2 i sin klasse og Mathias nr. 4. Her finn du heile resultatlista for dette rennet.

Søndag var det storslalåm. Her stakk like godt Daniel av med sigeren i sin klasse, og Mathias vart nr. 5. Resultetlista frå dette rennet finn du her.

Flott innsats av alpinistane frå IL Veten!

Vil du lese meir om Stryn Alpin, kan du gå til heimesida deira.
(Sist oppdatert 13.februar 2012, 21:00)

Gå til nyhendearkiv