Vinterhelsing frå styret.

Idrettslaget VETEN er eit viktig lag for bygdene våre.

Det var stor aktivitet og mange glade ungar og vaksne i skianlegget i forbindelse med idrettskulen denne veka – det likar vi !!!

Vi må alle hjelpe til for å halde på dette unike tilbodet og gjerne vidareutvikle og gjere det endå betre.
Det er snart tid for årsmøte og vi treng alle frivillige, både som funksjonærar i høve arrangement og tilitsvalde i laget. Vi tek gjerne imot tips viss du har forslag om kandidatar og det går fint å foreslå seg sjølv. Vår oppfordring: Engasjer deg ! - Vi treng alle positive medhjelparar.

Det er dårleg betalt i kroner å vere ein del av idrettslaget sin aktivitet. Men vi lovar at du får mykje igjen både sosialt og den gode følelsen det er å kunne hjelpe til med noko positivt i lokalsamfunnet.
Grasrotandelen
Vi har tidlegare sendt ut brev med giro for medlemskontingent, og håpar at de har fått og betalt den. Har du ikkje fått krav er det berre å registrere seg som medlem her. Det er svært viktig for laget å ha så mange medlemar som muleg.

Vi har eit fantastisk anlegg i og rundt Nordfjord Fritidssenter. Stor TAKK til alle som har vore med og gjort dette muleg over ein nokså lang periode. Men det er krevjande å drifte, vedlikehalde og helst vidareutvikle dette. Vi har eit håp og tru på at viss fleire hjelper til blir det mindre belastning på kvar enkelt.

Hoppanlegget er regionanlegg, dette gjer at vi får ein del i tilskot for å halde dette anlegget i drift. Dette tilskotet er heilt avgjerande for at vi skal kunne leige inn nødvendig prepareringsutstyr, utstyr som vi og har stor nytte av til preparering av skiløypene. Vi håpar på god oppslutning og at mange betaler tilsendt årskort som gjeld parkering og tilgang til løypenett m.m.

Vi har og må ha fokus på rekruttering - til alle skigreiner, slik at anlegget blir brukt. Anlegget skal vere eit komplett skiaktivitetsanlegg for alle, komplett skileikanlegg for dei yngre og spesialisert for hopp- og kombinert i større samanhengar.

Og hugs å velje IL Veten som din grasrotandelmottakar når du leverer tippekupong hjå Norsk Tipping.

Vi ønskjer alle ein god vinter med dugnad, trening, trim og trivsel!
(Sist oppdatert 14.januar 2012, 17:20)

Gå til nyhendearkiv