Informasjon frå Hoppgruppa

Av Øyvind

Her kjem viktig informasjon om vidare aktivitet i Hoppgruppa.
Komande helg:
KM/VM i bakkane opp t.o.m. K70. Eg viser her til utsendt invitasjon via krinsen og nettsida til Il. Veten: www.veten.info . De som ønskjer overnatting, kontaktar Nordfjord Fritidssenter (57875650).

Tysdag 22.03:
Ingen trening, men bakkane kan brukast viss dei er intakte etter KM. Dei vert ikkje laga til, for mannskapet har nok å gjere fram mot helga. Viss de ønskjer å bruke småbakkane, kan de lage dei til sjølve.

Helga 26.3 - 27.3:
RC- finale K90. Mykje god hopping, og fin inspirasjon for dei yngste (og andre)!!!!

Tysdag 29.03:
Sesongavslutning med lagsrenn opp t.o.m. K70. Lagsrennet er og ope for utøvarar frå andre lag. Start vanleg treningstid: 1900 Det kjem påminning om dette måndag 28.03.
(Sist oppdatert 17.mars 2011, 22:58)

Gå til nyhendearkiv